mandag 20. september 2010

Grenda drep igjen

enNovella ”Liket” er skrive i 1949. Han kom sida ut i ei novellesamling, ”Nesler” i 1952. Teksten er skrive av den norske forfattaren og journalisten Tor Jonsson.

Teksten handlar om Eg-personen og Arne. Arne flytta til Grenda i ungdomsåra, og han og eg-personen blei gode venar. I fjortenårsalderen fekk Arne ein augesjukdom. Da han blei utskreve kom han heim i ein gråkvit anorakk, og det er her historia begynner.

Når Arne kjem tilbake gror det fram ein pinleg stilna, det er på nippet til å bryte ut ein bølgje av latter. Så kjem Anders og kjem med den spydigheita alle tenkte; - Han har fått på seg likskjorta! Da var latteren lette laus, alle skratta av Arne, også eg-personen som skulle vere hans beste ven. Vi ser allereie her kor svakt mennesket er. Eg-personen kunne vore ein god ven, og skjerma Arne for mobbinga, men han beskyttar heller seg sjølv ved å ”gå over til den vonde sia”. Likevel er dei venar, enda så mange gonger dette gjentar seg. Tilslutt taklar ikkje Arne dette lenger og tek sitt eiga liv.

Det er mange verkemidla i ”Liket”, men eg legg mest merke til metaforane, og kanskje spesielt ein metafor, nemlig ”liket”. Når grenda roper på ”liket” meiner dei Arne, men likevel meiner eg at den dagen Arne kom heim frå sjukehuset, skritta ut av bilen, døyde han litt. Da alle begynte å mobbe han, mista han stoltheit, ære og kanskje det som han trengte mest da han mista livet sitt, sin beste ven.

Elles er det fleire besjelinga i teksten, f. eks ”haustdagen som brenn” og ”Grenda glefsa etter livet mitt og”. Slike virkemidla meine eg at er med på å gi teksten ein annen dimensjon. Han blir enklare å lese, samt meir rørande og djup.

Liket” går igjen fleire gonger i teksten. Allereie i overskrifta blir vi oppmerksame på dette og det blir gjentatt fleire gonger. Her ser vi da eit anna virkemiddel, nemlig gjentaking, noko som ikkje er det viktigaste i ei novelle. Det som er viktig er hint om kva som har skjedd, og viktigare det som ska skje. Når vi allereie i overskrifta blir presentert for utsaknet ”liket” er det eit hint, eller frampeik, om kva som ska skje.

Som nemnt tidligare blei Arne utsett for mobbing. Derfor meiner eg at temaet for denne novella er mobbing. For oss som kjennar til litt av historia til forfattaren Tor Jonsson veit vi at han hadde ein vanskeleg barndom. Mora var sjuk og faren blei drive bort frå husmannsgarden. Han hadde eit vanskeleg sinn og var ein einstøing. Det at han snakkar av erfaring merker vi med at han veit korleis det er å vere utsett for mobbing, og det å vere redd for å gripe inn. Tor Jonsson tok også sitt eiga liv, noko som var ein stor grunn til at novellesamlinga blei gidd ut året etterpå.

Eg meiner motivet, det Jonsson prøver å uttrykke her er at vi ikkje må plage andre, at vi må vite kor grensa går, både mobbaren og offeret. Eg vil avrunde med eit sitat frå den avdøde forfattar og ber deg om å tenke på det, som han så klokt skriver i siste avsnitt: ”Liket, det er ikkje berre Arne lenger no når eg skriv desse orda. Det er noko ulykkeleg, stilt, ei bunden kraft. Det er alle desse redde, innestengde menneske, som knuser kvarandre og jagar kvarandre inn at i ei innestengt verd. Liket, det er alle som dagleg døyr og drep i ei verd der lykka er nær og berrsynt og livsens evangelium kan formast med to ord: Ver uredd.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar