søndag 14. november 2010

Beowulf - frå sogn til film


”Beowulf” er eit gamalt heltekvad frå 700-tallet. Sognet handlar om drømmen om bli husket og skaffa seg eit namn, der helten Beowulf skal redde danene frå to demonar eller monster. Som dei fleste historier frå middelalderen har ikkje heller denne historia nokon forfattar eller ”skapar” som vi veit noko om. Antakelig har sognet om Beowulf gått frå munn til munn lenge, før det omsider ble skrive ned av ein ukjent. Seinare har sognet blitt  filmatisert fleire gonger, men eg skal sammenlikne handlingane frå det ”originale sognet” og den nyaste filmatiserte kreasjonen; Beowulf (3D), 2007.

Vi finner mange forskjellar mellom sognet og filmen, og den første forskjellen finner vi allereie i begynninga. I innleiinga i heltekvadet får vi vite mykje om helten Beowulfs fortid og ungdom, mens i filmen startar vi midt i handlinga når monstret ”Grendel” angriper danene i grindhallen ”Heorot”. Ein anna forskjell er hovudpersonen. I sognet får vi høre at Beowulf er ein snill, real og beskjeden person. Han søker ikkje makt og ære, men han vil bli husket. I filmen opplever ein ham som ein ”skrytande skrikhals” og ein som vil ha makt og er lett å påverke. Eit eksempel er at i sognet når ein av hirdmennene til kongen, Unferth, hissar seg opp mot Beowulf og Beowulf svarer ham: ”Eg er her for å kjempe mot Grendel, ikkje ein av kongens menn.” I filmen derimot begynner han å lekse opp om alle sjømonstra han har drepe og alle heltedådane han gjorde under kappløpet med bestevennen Breca.

Det finnast så mange ulikheitar at å liste opp alle vil ta lang tid. I Beowulfs møte med demonen Grendel har han med seg 13 menn og bare ein av dei dør. I filmen får vi sjå fleire lik og her har også Beowulf med seg 14 krigarar. Ein annen forskjell er at Beowulf har mareritt like før noko ille skal skje.

Men dei største ulikskapane finner vi på Grendels mor og forholdet mellom henne og Beowulf og kongen, Hrotghar. I sognet får vi vite at Beowulf dykkar ned i eit bønnlaust tjern og dreper ”utysket” av ein demon og returnerer tilbake. I filmen blir Grendels mor illustrert som ei vakker kvinne og her dykkar ikkje Beowulf i ein time før han finner henne, han går rett inn i hula hennar. I tillegg til dette drep han ho ikkje der og da, han inngår ein pakt med henne om at om hun får eit gyllent horn og om Beowulf gir ho ein son skal han bli konge og herske så lenge hun har hornet. Når han da kjem tilbake og seier han har drepe henne trur ikkje kong Hrotghar på han, fordi han gjorde same feilen sjølv mange år tidligare. Like etter tar han sitt eiga liv.

Som nemnt tidligare opplever ein filmens versjon av Beowulf som meir arrogant enn sognes. I filmen vil han bli konge og påtek seg oppgåva så snart det er mulig, mens i sognet søkar han ikkje makta han tar han ikkje fordi han vil, men fordi blir nøydt.

Som man kan sjå tidligare i teksten er det mange ulikheitar mellom sognet og filmen, og det er fleire som ikkje er nemnt her. Men man må likevel legge merke til det som tidligare har blitt henvist som ”dei største ulikskapane”. På slutten av sognet er det ein uheldig mann som vekker ein drage til live. Og her døyr omsider Beowulf i armane til sin yngste medhjelper og ætling, Wiglaf. I teksten spør Wiglaf: ”Var det verdt det?” Beowulf spør så:” Vil dykk huske meg?” Wiglaf: ”Alltid.” Beowulf: ”Da var det verdt det.” I filmen vaknar draga til liv ved at ein tenar finner det saknande kongehornet. Her dør også omsider Beowulf, også her er Wiglaf ved hans side, men her har vi kjennskap til ham gjennom heile historia og han er like gamal som Beowulf. I tillegg er dragen Beowulfs eigen sønn, og dragen blir sendt av trollkjerringa. I sognet blir Beowulf begravd under ein stor haug, mens i filmen blir han sendt ut i ein brennande båt.

Grunnen til alle disse uliksapane kan tolkes på fleire måtar, men grunnen til dei, etter mi meining, er kva som er essensielt og kva folk tenkjer på idag. I tillegg til å gjere handlinga meir dramatisk og spennande er ting som utroskap, makt og penger meir essensielt idag enn det var på 700-talet da sognet blei skrive. I sognet handlar det meir om å skaffa seg eit namn og bli husket. Dette er sjølvsagt også viktig idag, men folk huskar ”dei gamle heltane” for de dei er uansett.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar